Møkaspreiing  med Høgre

Publisert av: Oslo SV Publisert: 27. februar 2019
Oppdatert: 27. februar 2019
Lesetid: ca. 4 min
Høgre i Bergen, koss i all verda kom de på at tiggeforbod skulle vera ei god sak i valkampen for eit verdikonservativt parti?

Det luktar møkaspreiing i Bergen. Og dei som har lasta opp møkaspreiaren med illeluktande skit, det er ingen andre enn Bergen Høgre. Sidan FRP i Bergen ikkje synest å ha kome heilt i gang med ein offensiv valkamp, tek Høgre på seg jobben som møkaspreiar.

Tiggeforbod ynskjer Høgre seg. Tiggeforbod. Har partiet ingenting lært av tidlegare års debattar? Kan Høgre i så fall fortelja kva dei har lært – og kan dei fortelja kva forslag om tiggeforbod har ført til av godt for tiggarar? Kva var det Høgre og FRP og Senterpartiet ynskte seg  av gode for tiggarar då dei lanserte kommunal rett til å gjera tiggeforbod til ein del av politivedtektene?

Eg synest det er ubehageleg å møta tiggarar, især når dei knelar rett attmed meg når eg oftast fer forbi i god fart fordi eg skal til eller frå noko. Tiggarane skal korkje til eller frå der dei prøver å få myntar i koppane sine. Knelinga er ei nådelaus påminning om skilnaden mellom den som tiggar og den som går forbi og kanskje gjev nokre myntar i koppen.  Skilnad, ja, men ikkje når det kjem til menneskeverdet. Og når den siste klokka slår, då får korkje tiggaren, du eller eg meir med oss enn nokon andre.

Høgre i Bergen, koss i all verda kom de på at tiggeforbod skulle vera ei god sak i valkampen for eit verdikonservativt parti? «Dette er ikke et sosialt renovasjonstiltak, men en måte å bekjempe organisert kriminalitet på,» seier byrådsleiarkandidat Harald Victor Hove. Mon det? Viss tigging er eit skalkeskjul for organisert prostitusjon, steling, heling og narkotikasal, så har vi då plenty av lovheimlar mot den slags. Det er ulovleg så det held. Så kvifor skal Bergen spe på norsk lov med forbod mot å tigga?

Tigging hjelper ikkje mot fattigdom, i alle fall ikkje årsakene til fattigdom, seiest det. Nei, almisser har aldri hjelpt nokon ut or fattigdom. Men vi skal då ikkje kimsa av at menneske gjerne så vidt får pengar til mat for seg og sine? På den hi sida: Forbod mot fattigdom, kva hjelper det mot fattigdommen? Dei langsiktige tiltaka Noreg prøver å vera med og pressa fram gjennom EØS-avtalen, dei er langsiktige. Men fattigdommen er her og no. Noreg har vorte innhenta av fattigdommens ansikt. Det vil Høgre forby. Det er oppskrifta på sosial renovasjon Høgre presenterer. Finare innpakka er det ikkje.

«Dei må reisa heimatt og få seg arbeid.» Seiest det også. Jaha. Kva slags lettvint herre-tenking er det? Vi veit då at romfolket, med lange tradisjonar som handverkarar og industriarbeidarar, miste sitt økonomiske fotfeste etter murens fall. Og trur vi verkeleg at menneske reiser over fleire landegrenser på aller kummerlegaste vis og sit i gatene våre og tiggar i staden for å ha løna arbeid heime?  Arbeidet er der ikkje for dei, det er jo rein logikk!

«Tiggarane byggjer seg store hus for pengar frå dumsnille nordmenn.» Somme byggjer seg store hus. Det er bakmennene, kriminelle og omsynslause. Der det er fattigdom, der er det kriminalitet. Der det er mykje fattigdom, der er det meir brutal kriminalitet.

I Bergen har, så langt, ein sparsommeleg, men grunnleggjande humanisme vunne over den sosiale renovasjonen. Vi aksepterer at menneske ber om hjelp. Vi har herberge i form av svært enkle, men reine overnattingsplassar med doar, dusjar og vaskemaskinar. Robin Hood-huset tek imot dei som treng eit måltid og ein kopp kaffi – også tiggarane frå sør i Europa. For det er tiggarane av romfolket vi snakkar om når det gjeld tigging.  Det er sjeldan at norskfødde tiggar i Bergens gater. Etter at magasinet «Megafon» kom, står heller rusavhengige på gata og sel «Megafon» enn tiggar. Somme romfolk sel også magasin, men langt fleire av dei tiggar.  Altså er tiggeforbodet Høgre vil ha, eit forbod mot at romfolk skal kunna tigga. Det er eit forbod som rammar ei etnisk gruppe – og ikkje oss blendakvite.

Ei dame ringde meg nyss og var fortvila over at kvinner fornedra seg slik ved å knela og liggja på gata. Og ho hadde konkrete idear til kva som kunne gjerast. «Dei som sel strikkeplagg, kan ikkje dei få bodar på Torget? Og kan vi ikkje tilby dei arbeid, på eitt eller anna vis?» Ho er inne på noko, den godt vaksne dama med nestekjærleikens gåve i hjarta.

Då fattiglovene vart vedtekne i Noreg i 1863, vart det innført eit skilje mellom dei «verdige» og dei «uverdige» fattige.  Eg hadde vona at dette skiljet vart oppheva med Lov om sosial omsorg frå 1964. Då Stortinget i 1970 oppheva tvangsarbeidsordninga i Lausgjengarlova, siterte saksordførar Olav Totland frå ei av aksjonsgruppene mot tvangsarbeidsordninga: «Det er bedre med et sant bybilde enn et rent bybilde.» Det er dette sanne bybiletet Høgre i Bergen ikkje vil ha.

«Vi kan ikkje forby alt vi ikkje likar,» plar dei seia på høgresida. Dette «deviset» gjeld ikkje når det kjem til den ytste fattigdom. Viss humanismen ikkje omfattar naudlidne og fattige, då er det ein skral humanisme. Ein humanisme som skil mellom oss blendakvite nordmenn og tiggarane av romfolket – det er i alle fall ingen humanisme. Meiner Høgre at politiet skal jaga dei brune tiggarane av romfolket, men ikkje dei «ekte norske»? I så fall vert tiggeforbodet eit forbod mot tiggarar av romfolket.

Det er i og for seg årstida for møkaspreiing, den møkaspreiinga som høyrer med i landbrukets kretsløp. Høgres urbane møkaspreiing er i ein annan klasse. Den fører ingenting godt med seg. Den luktar vondt og ekkelt slik all sosial renovasjon gjer – og det finst inga framside med den sosiale renovasjonen, eller møkaspreiinga, om du vil.

Oddny I. Miljeteig