Bilist fyrst, meneske så?

Publisert av: Oslo SV Publisert: 13. februar 2019
Oppdatert: 13. februar 2019
Lesetid: ca. 3 min
Privatbilismen si historie i Noreg er ikkje meir enn eit halvt århundre. No er det nye transportmåtar som trengjer seg fram – og vi må sleppa dei fram.

Mon kva tenkjer du at er det viktigaste du er? Eg har site og grunda på det når eg har førebudd meg til å reflektera over eit så grunnleggjande spørsmål – og eg er sikkert ikkje den rette til å gjera det, heller. Men spørsmålet er det jo for så vidt berre eg som kan svara på for min del – og du for din del. «Menneske fyrst, kristen så,» sa kyrkjefaderen Nikolai Severin Frederik Grundtvig(1783-1872)  i ein brannfakkel av ei utsegn. «Han er eit menneske, han som du», skreiv Olav H. Hauge. Då tenkte han ikkje på mennesket som bilist.

Kor mykje av din identitet er som bilist, som medlem i ein bilorganisasjon? «Flår bilistene» – ei ikkje uvanleg overskrift. Ser du det for deg slik som eg? Slik bokstaveleg tala? Eg har sett dyr  bli flådde, i røynda og ikkje på bilete, og det kan gje ubehagelege, konkrete assosiasjonar.

«Bilist» og «bilistar». Det er då ikkje ein eigen rase? Syklist? Sykkelfeminist? Siste nemninga er Marthe Hammer si, ho som er nestleiar i Samferdsleutvalet i Hordaland fylke. Vi deler oss ofte inn etter alder. Pensjonistar har lett for å bli definerte i ein einaste haug – sjølv om dei berre har alderen felles. «Eldre» er ein eufemisme, eit pynteord for «gamle».  Dei gamle finst ikkje lenger i språket, ikkje eingong i eldreomsorga der no ganske mange skulle vera nett det. Gamle. Utan hermeteikn.

Eg bur i by med god tilgang på kollektivtransport. Til og med bybane. I heimefjorden går det så få bussar at det går ikkje an å basera kvardagslivet på dei. Privatbilen trengst i distrikts-Noreg. Men opplever dei som bur i distriksts-Noreg seg fyrst og fremst som bilistar av den grunn? Det trur eg ikkje. Men bil må dei ha; dess meir grisgrendt, dess meir bilavhengig.

I Bergen planla bystyret for privatbilismen lenge etter at mange andre store byar hadde lagt kollektivtransporten til grunn. Det gjer det slett ikkje lettare å byggja for kollektivtransport, sykkel og gange fleire tiår etterpå –  med den tronge middelalderbyens bysentrum. Dyrt vert det også. Så vil ikkje staten  betala. For skinner i stor-Oslo betaler staten alt, for skinner i Bergen betaler staten førebels 50%. Det er ikkje eingong rettferdig. Her vest skyt «pakkane» opp som paddehattar, som «Bømlo-pakken». Hundrevis av millionar og mange milliardar. I bompengar. Sjølvsagt er det ikkje rettvist!

Fellesgoda bør betalast over skattesetelen og slik at dei som tener mest også betaler mest. Når det gjeld bompengar, betaler vi alle etter «koppskatt-prinsippet», alle like mykje. Det er urettferdig. Og dess mindre progressivt skattesystemet vert, dess meir urettferdige vert bompengane. Når dei i den absolutte kapitaltoppen allereie under regjeringane Solberg har drege ifrå med 24 milliardar i skattelette, så vert fråstanden endå lengre til dei med vanlege og middels inntekter.  Det går an å forstå at det kjem opp eit bompengeparti i Bergen. Pensjonistpartiet var elles det siste «gruppepartiet» vi hadde i Bergen bystyre.

Regjeringa forskrevar seg når dei både skal vera ei regjering for det grøne skiftet også ei regjering som skal redusera bompengar.  Med KrFs kome i regjering kom også skattefrådrag for bompengar. Medan det er skattepliktig om arbeidsgjevar betaler heile eller delar av månadskortet for kollektivreiser. Det heng ikkje i hop, og slett ikkje med noko grønt skifte. «Spikande gale!» slo klimabyråd Julie Andersland frå Venstre fast i bystyret på spørsmål frå Lillian Blom. Ho har så rett, klimabyråden.

No vil Marthe Hammer og Audun Lysbakken ha skattefrådrag på arbeidsgjevarfinansiert månadskort på buss og bane. Dei vil redusera momsen på kollektivtransport. Dei vil auka studentrabatten på tog til 50% og gjera den til ein generell ungdomsrabatt for alle under 27. Dessutan vil dei at eingongsbilletten på kollektivtransport alltid skal vera billegare enn bompengane.  Tre milliardar har SV lagt inn i 2019-statsbudsjettert vårt til denne slags. Det monar grueleg godt, meir enn ein skulle tru!

Meir av transporten må over på sjø. «Back to basic.» Til dømes ligg sjøvegen der aldeles gratis for båtsamband mellom fleire stader på Sotra og Bergen – medan bilvegane kjøvest. Batteridrivne ferjer og båtar tilhøyrer ikkje lenger science fiction-universet.  Farne tiders fjordabåtar kan få sine moderne etterkomarar, om vi berre vil. «Gamle dampen» ventar på sine barne- og oldeborn til å binda Vestlandet saman. Og då meiner eg Vestlandet og ikkje berre Vestland.  Og andre landsdelar.  Eg er oppvaksen med båten som livsnerve. Små båtar over fjorden heime frå den veglause sida. Men også rutebåtar ein gong for veka. Det tok sin tid frå kaien på Bakka til Skånevik, men vi kom heim att slik at det framleis gjekk an å gå i fjosen om kvelden.

Privatbilismen si historie i Noreg er ikkje meir enn eit halvt århundre. No er det nye transportmåtar som trengjer seg fram – og vi må sleppa dei fram. Bilen er ikkje ein gullkalv, og den fossildrivne eller palmeoljedrivne bilen må ha sett sin gullalder. Vi er menneske fyrst. Vi må pusta rein luft og vi må eta rein mat og drikka reint vatn. Då kan vi ikkje vera bilist fyrst.

Oddny I. Miljeteig