Ein heim, ikkje berre ein bustad

Publisert av: Oslo SV Publisert: 06. februar 2019
Oppdatert: 06. februar 2019
Lesetid: ca. 4 min
Ein kan aldri vera sikker. Men eg ser ikkje for meg eit einaste bystyrefleirtal som no, etter alle desse åra, etter alle ulukkelege historier om ulukkelege menneskje, vil vera kynisk og arrogant nok til å setja stopp for bustadløftet for personar med utviklingshemming.

Det å bu er heilt grunnleggjande i eit menneskeliv. Så grunnleggjande at det er ein menneskerett. Og dessmeir: Å bu i ein heim er det som kan tryggja eit menneske mest etter helse. Ofte heng dei to saman:  Det å ha ein heim  kan rett og slett gje god helse. I alle fall vi Kari og Ola ser på det å kunna låsa døra bak seg som både tryggleik og sjølvstende. Eg hugsar enno ei leilighet der eg  budde og der det var så lytt at eg var med på festane naboen under hadde – og høyrde musikken like godt som om eg skulle ha site ved høgtalarane.  Det verste ved det var faktisk at eg ikkje bestemde i min eigen heim – men at det var naboen som bestemde når musikken slutta, byrja, vart høgare eller lågare. Eg kjende meg invadert, rett og slett.

I Bergen finst det innbyggjarar som ikkje har eigen bustad. Heldigvis har det minka monaleg på at hospits vert nytta som mellombels bustad. Hospits er for det meste ikkje ei stabil buform, det kjennest gjerne ikkje trygt, og ein går tett oppi mange andre.

Menneske med utviklingshemming har i 25 år stått i ein heilt eigen bustadkø. Den såkalla Ansvarsreforma, på folkemunne kalla HVPU-reforma (1990), bestemde at også menneske med  utviklingshemming skulle ha rett til eigen heim. Onsdag for ei veke sidan gjorde bystyret i Bergen samrøyste eit vidtak som skulle enda hundreårs diskriminering. Vi hugsar Vestlandsheimen, kor bygningane framleis står som eit minne om det som var. Heile Noreg hadde slike store sentralinstitusjonar. I åra før Ansvarsreforma kom alle «tuna»,  ein slags landsbyar: «Brønnøytunet», «Bømlotunet.»

Dei kjempa ein seig kamp, dei som kjempa gjennom Ansvarsreforma. Framleis er ikkje  Ansvarsreforma røyndom mange stader. Somme stader har reforma gått i revers ved at det vert bygde altfor store bufellesskap som har sterke trekk av institusjonalisering. Institusjonar gjer noko med menneske, ikkje minst når det gjeld sjølvstende og rådvelde over eige liv.

I 1994 gjorde eit samrøystes Bergen bystyre vedtak om at alle innbyggjarar med utviklingshemming, også dei heimebuande, skulle få sin eigen heim. Alle som stod i kø skulle få sin eigen bustad.  Det vart med vedtaket, om enn aldri så samrøystes. I 25 år har no køen vart ved. Det er så uverdig at eg kunne skrika.  I Bergen SV har vi sagt i 20 år at vi har ei æressak, og det er denne: syta for at alle innbyggjarar med utviklingshemming får sin eigen heim. Mange har historiene vore om utslitne, gamle foreldre som har vore langt oppe i pensjonsalderen før heimebuande son eller dotter har fått sin eigen heim å flytta inn i.

Endeleg, i fjor, fekk vi i SV fleirtal i bystyret for at alle i kø – og det er framleis meir enn 100 personar vi snakkar om, skal få sin eigen heim – og at ein skal framskriva talet på bustader til dei som kjem til undervegs. I neste bystyreperiode skal det skje. Dei fleste bustadene skal byggjast i 2022 og 2023.

I bystyret onsdag for ei veke sidan, då bystyret hadde oppe 10-års planen for tenester og tiltak for personar med utviklingshemming,  gjorde bystyret noko så sjeldsynt som samrøystes å stadfesta sitt eige vedtak frå i fjor: «Bystyrets vedtak om boligløftet til mennesker med utviklingshemming skal gjennomføres. Bystyret er likevel bekymret for fremdriften. Ferdigstillelsen av Midttunveien bofellesskap er allerede utsatt til 2021, og bystyret ber derfor byrådet rapportere en gang i  halvåret om fremdriften i boligsatsingen.»  Sikkerhetsventilen ligg i den halvårlege plikta til å rapportera.  Det heiter at djevelen sit i detaljane – her er det motsett, for med dette har  bystyret sikra seg at inkje byråd skal få sova i timen før bustadløftet er gjennomført.

Så kan du spørja:  Er det ikkje slik med eit bystyrevedtak at det gjeld  berre inntil eit nytt er fatta? Og kvifor skulle dette bystyrevedtaket bli gjennomført når ikkje 1994-vedtaket vart?

Ein kan aldri vera sikker. Men eg ser ikkje for meg eit einaste bystyrefleirtal som no, etter alle desse åra, etter alle ulukkelege historier om ulukkelege menneskje, vil vera kynisk og arrogant nok til å setja stopp for bustadløftet.  Dei pårørande kjem til å vera vaktbikkjer, heile vegen. Det har dei vore så langt også, og takka vere dei pårørande sine organisasjonar var det umogleg å halda utbygginga på vent lenger.  Forfattaren og mora Olaug Nilssen si bok «Tung tids tale» frå 2017 var eit tidskilje.  Eg hugsar eg tenkte kvelden ho fekk Brageprisen at no, no var det ingen veg attende. No stod gamle synder for fall. Somme gonger kan kunst og kultur endra tankemåten vår og handlingsmønstera våre. Olaug Nilssen og boka hennar greidde nett det.

Eg trur ikkje at vegen fram vil vera utan hindringar.  Men eg må og vil ha den trua på bystyret og byrådet i neste periode at dei fører denne saka fram til siger.  Siger for menneske med utviklingshemming. Siger for dei pårørande. Men mest av alt siger for Bergen by. Når den siste som står i bustadkø kan lata att døra etter seg og stå på golvet i sin eigen heim, då har folkets tillitsvalde i bystyret gjort den jobben vi vart pålagde i 1990.  Det kjem til å vera ein milepæl. Og det må aldri bli mogleg å gå i revers. Aldri.

Oddny I. Miljeteig