Raude Rosa til minne

Publisert av: Oslo SV Publisert: 16. januar 2019
Oppdatert: 16. januar 2019
Lesetid: ca. 3 min
Rosa Luxemburg var talskvinne for det vi i dag vil kalla sosialisme nedanfrå. Ho avviste tanken om at sosialdemokratiske parti skulle vera toppstyrte. Ho argumenterte for ein demokratisk veg for den politiske venstresida .

Raude Rosa. Rosa Luxemburg.  Ei av dei mest framståande leiarane i den internasjonale arbeidarrørsla i tida like før og under fyrste verdskrigen. Raude Rosa var radikal;  ei av dei fremste teoretiske leiarane for venstrefløyen innan den 2. internasjonale. Slik ordlegg mitt bleikna Arbeidernes leksikon i ny og forkorta utgåve av 1974 seg.

I dag, altså i skrivande stund tysdag, er det eitt hundre år sidan Rosa Luxemburg vart drepen saman med Karl Liebknecht av kvite-gardistiske bandar i Tyskland.

Rosa Luxemburg vart fødd i Polen 5. mai 1871 i ein borgarleg, jødisk familie. Etter å ha avslutta gymnaset i 15-årsalderen, begynte ho å delta i  revolusjonære illegale grupper i Polen. I 1889, då ho framleis ikkje var 20 år gammal, emigrerte ho til Zürich. Der arbeidde somme av dei fremste polske revolusjonære med ei marxistisk undersøking av dei politiske og samfunnsmessige forholda i Polen. Rosa Luxemburg vart trekt inn i dette arbeidet og  fekk samstundes her ei systematisk marxistisk utdanning. Denne gruppa organiserte snart ein radikal opposisjon i det sosial-nasjonale polske sosialistparti. På den internasjonale sosialistkongressen i Zürich i 1893, leid Rosa Luxemburg sin fløy nederlag. Men Rosa var slett ikkje slått.

Rosa Luxemburg skreiv ei rekkje artiklar både i den illegale polske pressa og i tidsskriftet «Neue Zeit». I 1898 gav ho ut eit arbeid om den industrielle utviklinga i Polen. For dette fekk ho doktorgraden i statsvitskap ved universitetet i Zürich. Rosa Luxemberg var altså ei velutdanna kvinne.

Tyskland vart Rosa Luxemburgs nye heimland.  Då ho flytte dit, stilte ho seg i fremste rekkje i kampen mot revisjonistane, hennar mindre radikale med-sosialistar. På den 2. internasjonales kongressar i Paris i 1900 og i Amsterdam i 1904 vart ho kjend som ei av venstrefløyens viktigaste internasjonale leiarar.

Rosa Luxemburg var talskvinne for det vi i dag vil kalla sosialisme nedanfrå. Ho avviste tanken om at sosialdemokratiske parti skulle vera toppstyrte. Ho argumenterte for ein demokratisk veg for den politiske venstresida og for at den veldige organisatoriske makta som tysk arbeidarrørsle hadde oppnådd politisk og fagleg og politisk, skulle brukast til revolusjonære framstøytar  – nedanfrå.  Rosa Luxemburg propaganderte, skriv Arbeidernes Leksikon, for massemobilisering mot imperialismen og krigsfåren, for sosialismen som umiddelbart politisk mål – og ho peika på at massestreik måtte få avgjerande vekt under den revolusjonære kampen.

Synest du ordbruken og vokabularet er framandsleg? Tenk då på at vi er inne i det siste tiåret før andre verdskrig – og at den russiske revolusjon frå  1905 i 1917 skal fylgjast av ein ny, leia av Vladimir Lenin. Forresten var Rosa Luxemburg sterkt kritisk til Lenins toppstyrte partimodell som Lenin nemnde «demokratisk sentralisme.» Dette kjem til uttrykk i eitt av Luxemburgs mest kjende skrift, «Organisasjonsspørsmål i det russiske sosialdemokratiet» (1904).  Ho kritiserte også både Lenin og Trotskij for «udemokratiske tendensar», mellom anna då dei ikkje skreiv ut nyval etter å ha oppløyst den lovgjevande forsamlinga i Russland under revolusjonen.

Einhart Lorentz, kjend historikar og professor emeritus ved Universitetet i Oslo, sa til Klassekampen i går at han meinte Rosa Luxemburgs skrifter har bidratt til at Stalin-dyrkinga aldri fekk foteste i dei intellektuelle krinsane på norsk venstreside.  I  det gamle Vest-Tyskland fekk Luxemburg ein renessanse på 60-talet både blant venstresidas intellektuelle og seinare i sosialdemokratiet med Willy Brandt i spissen.

Tidleg i 1915 vart Rosa Luxemburg arrestert i Tyskland og måtte sona  fengselsstraff, som ho var vorten idømd for «antimilitær verksemd» før krigen. Ved november-revolusjonen i Tyskland i 1918 vart ho sleppt fri, og ho kasta  seg straks ut i den politiske kampen. Ho var ei av leiarane på stiftingskongressen for det tyske kommunistpartiet i slutten av desember 1918, der ho innleidde om den politiske situasjonen i Tyskland og om partiets oppgåver.

Mennene som myrda Rosa Luxemburg og tok livet av fleire hundre andre «samfunnsfiendar» i Berlin i januar 1919, skulle seinare danna ryggrada i nazirørsla. Det var i «frikorpsa» at hakekrossen fyrst vart brukt som politisk symbol. Mordet markerte slutten på den mislukka tyske revolusjonen i 1918-19, og det skapte ei djup og uforsonleg splitting på den tyske venstresida som gjorde at nazistane seinare kunne overta makta. Rosa Luxemburg vart nemleg drepen på sosialdemokratane si vakt.

Luxemburg var ein torn i auga på både Hitler og Stalin. Korleis kunne historia ha sett ut dersom ho hadde lukkast med sin revolusjon nedanfrå? Det får vi aldri vita. Men Luxemburg sin visjon om eit folkestyre er ein visjon som slett ikkje er gammaldags i dag. Og hennar mest  kjende, skal vi kalla det slagord , er like visjonært i dag som for eitt hundre år sidan: «Fridom er alltid fridom for den som tenkjer annleis.» Med dette minnest eg Rosa Luxemburg.

Oddny I. Miljeteig