Spekulantar heller enn bønder, altså!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 09. januar 2019
Oppdatert: 09. januar 2019
Lesetid: ca. 3 min
Det er mi von at vi som byfolk vil erkjenna verdien av matjorda – om vi er storby aldri så mykje. Kan hende nett difor! Vi kan ikkje eta asfalt. Eller husa våre. Eller industribygg.

Eg har, godtruen som eg er, tenkt at å produsera mat må gå føre alle andre føremål. Du kan gjerne innvenda at det verkjeleg er naivt. For oss byfolk er det berre å ta ein tur utanom bykjernen, så vil vi sjå at matjord er bygd ned i bydelane i Bergen, i randkommunane og i dei fremste landbrukskommunane. I heimekommunen min, Etne, er verdfull matjord lagd under asfalt for kjøpesenter, endå eitt kjøpesenter og sjølvsagt skular og aldersinstitusjonar. I tidlegare spalter har eg skrive om omfanget av denne halslause nedbygginga av matjord, som altså ikkje er fortid, men i høgste grad notid.

Nett no gjeld det myrane våre. Myr er viktig for klima og biologisk mangfald. Når myr vert drenert, gjev myra slepp på klimagassane som har vore bundne i den.  Det mest dramatiske, har eg lese meg til i avisa Nationen, er er når myra vert brukt til utbygging av bustader, industri eller vegar. Då vert klimagassane frigjorde godtsom med ein gong. Når ein nydyrkar myr til landbruksføremål, vert det også utslepp når ein «rører i» myra, men det er svært usikkert kor store utsleppa vert avhengig av kva metode som vert brukt.

Leiar Oddvar Mikkelsen i Møre og Romsdal Bondelag seier til Nationen at ved å leggja mineraljord oppå myra, såkalla omgraving av myr, så kan ein så godt som hermetisera myra. Utsleppa vert då langt mindre. I tillegg til at utsleppa er langt sterkare ved nedbygging av myr enn ved nydyrking, stoppar all framtidig karbonbinding i det arealet er nedbygd.

Ved dyrking av gras skjer det ny karbonbinding ved stadige tilførslar av karbon til jorda. Samla kjem difor matproduksjon på myrgrunn langt gunstigare ut for klimaet enn nedbygging av myrgrunn. Seier Bondelagsleiaren i Møre og Romsdal. No er det dyrt å nydyrka myr, og det i seg sjølv avgrensar bruken av myr til dyrkingsføremål, seier han også.

I desember sende regjeringa eit forslag til Stortinget om å innføra eit generelt forbod – mot nydyrking av myr. Jo, du les rett. Eit generelt forbod mot nydyrking av myr, ikkje eit generelt forbod mot nedbygging av myr eller å leggja myr under asfalt. Meir overurbanisert skrivebordspolitikk skal ein leita lenge etter. Bønder skal altså få myrforbod, men ikkje bustadspekulantar!

Når det gjeld nydyrking av myr, skal ein kunna få dispensasjon berre i «særlege tilfelle.» Eitt av vilkåra er at nyarealet ikkje skal vera gjennomsnittleg djupare enn ein meter. Behovet for å halda oppe driftsgrunnlaget og tilfelle med bortfall av anna jord skal vektleggjast. Jaujau. Det skulle faktisk berre mangla.

Det er slik at av om lag 12 millionar mål jord som kan nydyrkast i Noreg er 35 prosent myr og 56 prosent produktiv skog. Det vert 91 prosent til saman.  Myr er ein naturtype under sterkt press. Likevel har korkje stat eller kommune noko oversyn over kor mykje myr vi mistar. Leiar Silje Lundberg i Naturvernforbundet er ottefull for den manglande rapporteringa – og meiner at vi må hindra nedbygging av både myr og matjord. Lundberg ser for seg i alle fall eit forbod mot drenering av myr, og ho nemner i tillegg både vern og restaurering av myr.

Innan småbrukar- og bondelagsrørsla har det tidlegare vore fremja krav om forbod mot nedbygging av myrjord.

Det er påfallande når spekulasjonsinteresser vert vekta tyngre enn matgproduksjonsinteresser. Heller bustadspekulant enn bonde, altså!

Trass alt er det mat vi lever av. Byggja vegar og bustader må vi kunna gjera andre stader enn på matjord – og endå meir no når vi allereie har bygd ned så mykje matjord og potensiell matjord. I Bergen har mykje matjord, også myrjord, vorte bygd ned nærast på automatikk. Dersom vi ser oss rundt, ikkje minst i Åsane, er eg ikkje i tvil om at mykje matjord kunne ha vore teken vare på om vi berre hadde vilja. Det orsakar ingenting at Bergen er bygd på dispensasjon. Heller ikkje at byen vår har vore nærast som sedvane eit mekka for utbyggjarar som har sett på matjord som forspilt forteneste.

Det er mi von at vi som byfolk vil erkjenna verdien av matjorda – om vi er storby aldri så mykje. Kan hende nett difor! Vi kan ikkje eta asfalt. Eller husa våre. Eller industribygg.

Skal myrjord i det heile nyttast til anna enn myr, må det i det minste vera til matjord. Regjeringa snur det heile på hovudet. Det heng ikkje på greip. Og slett ikkje i 2019!

Oddny I. Miljeteig