Noregs adventshelsing til Farida

Publisert av: Oslo SV Publisert: 12. desember 2018
Oppdatert: 12. desember 2018
Lesetid: ca. 4 min
I går, då Menneskerettane feira 70 år og Nobels fredspris vart utdelt, då sa Oslo tingrett at staten v/Utlendingenemnda hadde rett til å utvisa Farida (no 13 år) og familien hennar til internflukt i Afghanistan. Afghanistan er landet Utanriksdepartementet åtvarar nordmenn å reisa til – landet er ikkje trygt nok for oss med raudt pass, må vita.

Korleis skal ettertida døma oss? Dette landet oppe på Oljeberget, hadde eg nær sagt, som har skote gullfuglen med både olje og fisk, som ligg på ein mykje godt fredens plett på jorda og for det meste har suter som må nemnast som «I-landsproblem.» Ikkje alle, slett ikkje alle, men vi er eit slags velstandens fyrtårn. Saman med dei andre nordiske landa.  Vi ligg i bistandstoppen med ein prosent av statsbudsjettet. No kan vi jammen diskutera ymse postar innan bistandsbudsjettet og om det er vi sjølve som får mest nytte av dei. Men likevel.

Solidariteten vår er ikkje i klasse med Oljefondet.  Vi har altså halde oss med ein «streng» asylpolitikk i år etter år. Mange norske lokalsamfunn har erkjent den «strenge» asylpolitikkens andlet som inhuman og menneskefiendsleg.  «Vi kan ikkje vera heile verdas sosialkontor» eller «Alle kan ikkje koma hit» vert det sagt som ei forklåring på ein «streng» asylpolitikk. Men det er jo latterleg å seia noko slikt! 65 millionar menneske er på flukt i verda i dag, og det er land som Libanon som går i kne under flyktningekrisa, ikkje vi. Slett ikkje vi. Og innvandringsstopp har vi hatt sidan 1975, så dei som kjem inn gjennom vårt norske nålauga, dei har ingen lett inngang. Tvert om sender vi ut menneske på meir enn tvilsamt grunnlag.

Nett no gjeld det Farida frå Dokka i Oppland og foreldra hennar.  I går, då Menneskerettane feira 70 år og Nobels fredspris vart utdelt, då sa Oslo tingrett at staten v/Utlendingenemnda hadde rett til å utvisa Farida (no 13 år) og familien hennar til internflukt i Afghanistan. Afghanistan er landet Utanriksdepartementet åtvarar nordmenn å reisa til – landet er ikkje trygt nok for oss med raudt pass, må vita.

Farida og familien hennar har tidlegare vunne fram overfor Utlendingenemnda både i tingretten, lagmannsretten og sjølvaste Høgsterett.

Foreldra til Farida er frå Janghuri i Afghanistan. Dei flykta til Iran etter at mora nekta å gifta seg med den eldre mannen ho var lova bort til av familien. Farida og mor kom til Noreg i 2011 etter at dei hadde kome bort frå faren på flukt frå Iran til Europa.  Dei fekk asyl avdi mor var einsleg. Då far kom etter til Noreg året etter, meinte Utlendingedirektoratet at både mor og far laug og nekta familien asyl.  Utlendingenemnda avviste deretter fars klage – men endra då grunngjevinga til at distriktet dei kom frå er trygt. 14. februar 2015 vart familien uttransportert til Afghanistan, men afghanske styresmakter kritiserte utsendinga og meinte at Noreg måtte henta familien attende.

I november 2015 kjende Oslo tingrett UNEs utvisingsvedtak ugyldig. Staten anka, men i juni 2017 avslo Borgarting lagmannsrett staten sin anke. I mars 2018 kom saka opp for Høgsterett. Staten tapte igjen. Då skulle ein tru at UNE ville retta seg etter Noregs øvste rettsinstans. Det er no slik vi tenkjer det er : Når Høgsterett har sagt sitt, får alle andre føya seg. Men ikkje Utlendingenemnda, nei: I mai gjorde UNE eit nytt vedtak med same konklusjon som før: Farida og foreldra får ikkje opphald i Noreg, og no har Oslo tingrett gjeve UNE medhald.  Vegen frå Kabul til Janghuri var «varig forbedret», meinte staten. Advokat Humlen protesterte og viste til at Taliban har angripe Janghuri, at dei kontrollerer store område rundt og mellom – utan å kunna påvisa at det gjekk fly i mai mellom Janghuri og Kabul. Familien kunne ta fly til Janghuri, meinte UNE Forresten  meinte Utlendingenemnda  at det no er trygt å bu i Kabul, der familien oppheld seg og Farida stort sett er inne i leiligheita.

FNs tidlegare spesialutsending til Afghanistan Kai Eide sa i mai at tryggleiken ikkje var vorten betre i provinsen Ghazni der Janghuri ligg. I april, sa han, var det denne provinsen som hadde dei største sivile tapa etter Kabul. Dessutan høyrer Farida og familien til den mest utsette folkegruppa, hazaraane, sa Kai Eide, som på Facebook skreiv at UNEs vedtak var basert på både usikre og feilaktige opplysningar.

Høgsterett sa i sin dom at det var eit krav om «vesentleg og stabil endring» av tryggleikssituasjonen i Afghanistan sidan asyl vart innvilga i 2011. Advokat Humlen meinte for sin del om UNES mai-vedtak at «Det er ingen, med unntak av UNEs representant, som mener at det fantes noen trygge veier til Janghuri.» Vidare meinte advokaten at UNE ikkje kunne ta bort ein flyktningestatus: «Dette er en hjemmelaget nasjonal rettsnorm, som er i strid med alt som tidligere er sagt og gjort.» (Dagbladet 24.11.)

Kva så med internflukt? Kabul er jo internflukt for denne familien – viss det er trygt. Stortinget endra i 2016 reglane for internflukt, slik at ein asylsøkjar som risikerer forfølging på heimstaden likevel kan få avslag og visast til ein annan og tryggare del av landet.  Etter folkeretten skal internfluktalternativet berre brukast viss det finst eit trygt område som er tilgjengeleg for asylsøkjaren – og det er rimeleg å visa personar dit. I 2016 vedtok Stortinget at «rimeleg-kravet» skulle fjernast frå Utlendingelova – trass i at både FNs høgkommissær for flyktningar, alle flyktningerettsekspertar og jamvel UNE var usamde i dette synet.

Så no sit regjeringa i si trygge boble og påstår ved UNE at både Kabul og Janghuri er trygge for Farida og foreldra. Som dei einaste i heile verda, i så fall, tenkjer eg. Eg håpar Farida og støttegruppa på Dokka ankar den nye dommenfrå Oslo tingrett.  Uansett sit Noreg med skamma over å ha dømt ei jente som no er 13 år til å sitja innestengd i eit husvære i Kabul. Det er ei pervers adventsgåve. Rett og slett.

Oddny I. Miljeteig