EØS på sotteseng?

Publisert av: Oslo SV Publisert: 14. november 2018
Oppdatert: 14. november 2018
Lesetid: ca. 3 min
EØS-avtalen har vore ei tvangstrøye for Noreg sidan folket sa nei til EU for andre gong i 1994. Nesten på dagen. Kor mykje sjølvråderett som gjekk tapt med EØS-avtalen då folket nett hadde sagt nei, det veit knappast nokon.

EØS-avtalen har vore ei tvangstrøye for Noreg sidan folket sa nei til EU for andre gong i 1994. Nesten på dagen. Kor mykje sjølvråderett som gjekk tapt med EØS-avtalen då folket nett hadde sagt nei, det veit knappast nokon. I alle fall har Noreg fått  det rykte på seg at vi implementerer EU-direktiv snarare enn EU greier å vedta dei. Husmannsånda overfor EU pregar både AP, Høgre og FRP på ein måte som om vi skulle ha vore eit lydrike under EU.

LO har så langt vore minst like trufaste som Arbeidarpartiet til EU og EØS-avtalen. Sosialdemokratane både her og der har stilt opp som om det skulle ha vore deira fremste hjartesak. Dei fire fridommar: Fri flyt av arbeid(skraft), kapital, varer og tenester har vore mantraet framfor noko. At sosial dumping har fått utvikla seg i skuggeheimen i både bygg og anlegg, omsorg og barnevern, har ikkje fått konsekvensar for LO og AP si støtte til EU – og EØS. Ikkje før no.

No er det alvor – i den største industrifagforeininga i Fellesforbundet og for denne foreininga sin svært markante leiar. Vi snakkar om Avdeling 5, og vi snakkar om Roar Abrahamsen. «Jeg har vært en av dem som har forsvart EØS-avtalen. For vårt vedkommende er det næringspolitiske spørsmål som har vært tungen på vektskåla som har gjort at vi har sagt ja. Nå har balansepunktet til arbeidslivspolitikken tippet,» sa Roar Abrahamsen i Klassekampen laurdag.  Så kva er det som har gjort at arbeidslivspolitikken har «tippet»?

Tariffavtalane i industrien og byggjebransjen er såkalla allmenngjorde. Det betyr at delar av tariffvilkåra gjeld alle i bransjen ved lov, uansett om ein har tariffavtale eller ikkje. I mange år har det vore strid om tariffavtalane sine krav om dekking av reise, kost og losji når ein jobbar langt heimefrå, skal vera del av allmenngjeringa. Høgsterett har tidlegare konkludert med at det kunne dei. EØS-overvakingsorganet Esa meiner kravet er i strid med EØS. I sitt vedtak i oktober tok Tariffnemnda det unna allmenngjeringa for reiser melllom heimlandet og Noreg. Altså: Tariffnemnda har no avgjort at det ikkje skal vera pålagt at arbeidsgjevarane må betala reise, kost og losji for utanlandske arbeidstakarar som reiser til Noreg for å jobba, men berre på arbeidsreisene deira  internt i Noreg.  Dette var ei løysing som arbeidsgjevarane i Norsk Industri hadde jobba for lenge, og som dei fekk drahjelp til frå EØS-overvakarane i Esa.  Det har ikkje hjelpt det steikjande grann for arbeidsfolk at sosialdemokraten Stein Lier Hansen i ei årrekkje har vore direktør for Norsk Industri.

«De bygger ikke opp under det organiserte arbeidslivet. Det blir større og større fordeler for uorganiserte bedrifter. Så sier de at de skal få betalt reise internt i Norge. Men om du henter polakker til Mongstad, og du får et nytt oppdrag i Hammerfest, tror du da de sender de samme folkene? Nei, de henter nye,» seier Roar Abrahamsen – i Klassekampen og i fleire andre media.  Og torsdag kveld vedtok styret i avd. 5 i Fellesforbundet, Jarn og Metall som dei heitte før, samrøystes at dei no går inn for at EØS-avtalen skal seiast opp.

Roar Abrahamsen og avd. 5 er ikkje dei som spontant skifter meining. Irritasjonen og uroa har vakse fram med vikarbyrådirektivet, med Acer-saka (utanlandskablar og råderett over vasskrafta) – og «vi har sett hvordan de har herjet med havnearbeiderne.»   Klåre ord for pengane, altså.

Eg skal ikkje nett seia at det er pikant, men avd. 5 i Fellesforbundet er forbundsleiaren Jørn Eggum si fagforeining. Det gjer ikkje nett avgjerda i foreininga mindre  viktig.  Eggum er ikkje samd med foreininga sine konklusjonar når det gjeld EØS-avtalen. Han peikar på regjeringa som ein større fiende og fåre for norsk arbeidsliv.  La oss seia det slik: Alliansen av regjeringa og Brussel er dubbelt opp!

Det er på høg tid at EU og EØS møter ryggrad og motstand frå Noreg. Slik sett er avdeling 5 sitt vedtak meir enn viktig nok i seg sjølv. At Fellesforbundet kan bli tippa over i EØS-nei er oppsiktisvekkjande, og  ei klår styrking av dei kreftene i Noreg som kjempar for den norske modellen, for eit regulert arbeidsliv med sterke fagforeiningar og mot sosial dumping.  Og høgresida i norsk politikk vil missa ein alliert og trufast EØS-motstandar. Det er så ein beint kan bli optimist når det gjeld tanken på å frigjera seg frå tvangstrøya i Brussel!

Oddny I. Miljeteig