Kan likeløn byggjast med Islands-lov?

Publisert av: Oslo SV Publisert: 15. august 2018
Oppdatert: 15. august 2018
Lesetid: ca. 3 min
- No er det godt over 100 år sidan likelønskravet vart reist her i landet for fyrste gong. Det er kvinnene i fagrørsla og i kvinnerørsla som har kjempa kravet fram som ei toppsak i lønspolitikken.  Men same kva vi gjer og prøver på, ser det ut til at ulikeløna mellom kjønna har bite seg fast.

Likeløn, ja. Mellom kvinner og menn. Er det naturstridig?  Det er nesten så eg er freista til å svara at sanneleg min hatt om eg veit. For no er det godt over 100 år sidan likelønskravet vart reist her i landet for fyrste gong. Det er kvinnene i fagrørsla og i kvinnerørsla som har kjempa kravet fram som ei toppsak i lønspolitikken.  Men same kva vi gjer og prøver på, ser det ut til at ulikeløna mellom kjønna har bite seg fast. 88 prosent av menns løn er det nyaste talet på kvinneløna.  Og det sjølv om utdanning og arbeidserfaring  ikkje lenger kan forklara lønsskilnadene.

Tidlegare kunne vi veldig greitt forklara skilnadene i løn mellom kjønna. Fram til 1961 hadde kvinner eigne tariffavtalar som gjorde oss dårlegare betalte enn våre mannlege kollegaer. I 1959 var lønsforskjellen 66 prosent mellom kvinners og menns månadsløn.  Dei neste tiåra vart likelønsgapet kraftig redusert. I 1990 var lønsforskjellen 21 prosent.

På 2000-talet har lønsutjamninga mellom kjønna så godt som stoppa opp. Sidan Statisisk Sentralbyrå sin  lønsstatistikk vart tilgjengeleg i 1997, har lønsskilnadene lege på rundt 15 prosent. I 2012 var talet 12 prosent. Likeeins i 2017: Ei kvinne tente 88 prosent av ein manns løn.

«Det kjønnsdelte arbeidsmarkedet er en viktig forklaring på de forskjellene vi observerer,» sa forskar Kjersti Misje Østbakken ved Institutt for samfunnsforskning til Fri Fagbevegelse i februar 2016.  Kvinner og menn vel ulike sektorar, bransjar og yrke. Til dømes er om lag 80% av dei tilsette i oljebransjen menn, medan ni av ti helsefagarbeidarar i kommunal sektor er kvinner.

Misje Østbakken og kollegaene hennar har samanlikna timeløna til kvinner og menn med utdanning og arbeidsrøynsle, og  kom i 2012 fram til at sju prosentpoeng av lønsgapet på 12 prosentpoeng  ikkje kan forklarast ved at kvinner og menn arbeider i ulike delar av arbeidsmarknaden. «Når vi tar bort såkalte legitime faktorer, står vi fortsatt igjen med et lønnsgap på sju prosentpoeng vi ikke kan forklare.» Sju prosentpoeng. Det er over halvparten av lønsgapet på 12 prosent. Uforklarlege sju prosentpoeng.  Tenk det. I vår del av verda der ting vert forska på ned til minste nano-partikkel, her har vi eit uforklarleg lønsgap på sju prosent som korkje likelønspottar eller likelønskommisjonar eller noko som helst ser ut til å få has på.

På Island har dei gått sin eigen lov-veg. Frå og med 1. januar i år er det ulovleg å betala menn høgare enn kvinner for same jobb. Styresmaktene på Island håpar at innan 2020 skal lønsskilnadene mellom kvinner og menn vera historie.  Verksemder og offentlege arbeidsplassar med minst 25 tilsette må kunna dokumentera overfor styresmaktene at dei har korrekt lønspolitikk. Greier dei ikkje det, kan dei bli bøtelagde.

Island er ikkje nokon kven som helst i likelønssamanheng. Dei har hatt reglar for likeløn sidan 1961, skriv Fri Fagbevegelse, og i 2017 kom landet for niande år på rad på fyrsteplass på likestillingsundersøkinga frå World Economic Forum. Noreg fylgde på plassen bak.  I oktober 2016 var det store protestar mot manglande likestilling på Island. 24. oktober kl 14.38 gjekk kvinner på Island heim frå jobb – avdi kvinner, samanlikna med menn, jobba utan løn frå klokka 14.38 og ut resten av ein åtte timars arbeidsdag.

Den islandske ordninga er ikkje fullkomen.  Den største veikskapen er at ordninga gjeld på kvar einskild arbeidsplass og vil slik ikkje endra skeive strukturar knytte til at manns- og kvinnearbeidsplassar vert løna ulikt.  Verdsetjingsdiskrimineringa får altså vera «i fred» for den islandske likelønslova.  Likevel viser ein rapport frå Institutt for samfunnsforsking at den islandske modellen fører til sterkare og meir systematisk merksemd mot lønsdanning og lønsskilnader. Det er ein verdi i seg sjølv, seier forbundsleiar Mimmi Kvisvik i Fellesorganisasjonen, forbundet eg er medlem i. Fellesorganisasjonen meiner at Noreg må gå Islands veg. Forbundsleiar Kvisvik held fram at Islands-modellen flyttar bevisbøra frå den einskilde tilsette til arbeidsgjevar og tvingar fram eit opnare og meir gjennomskinleg lønssystem.

Den islandske lova er sterkare enn den norske likestillings- og antidiskrimineringslova. I Noreg er det opp til dei tilsette å klaga viss dei mistenkjer ulikeløn. På Island er det verksemda som får presset på seg, og lik løn for likt arbeid er eit arbeidsgjevaransvar. Island har også eksterne aktørar som kvart tredje år vurderer om verksemdene fylgjer opp krava i lova godt nok,  når «likelønssertifikatet» skal tildelast på nytt.

Islandslova vil ikkje i seg sjølv gje full likeløn. Men den vil få fart på likelønsutviklinga. Det skal vi jammen ikkje kimsa av. Alle prosentpoengs kutt i lønsgapet er å byggja likeløna og  kvinnekampen – og kampen for jamstelling mellom kvinner og menn.

Oddny I. Miljeteig