Ikkje ein kvadratmeter matjord å miste!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 08. august 2018
Oppdatert: 08. august 2018
Lesetid: ca. 3 min
- Matjord er ein knapp ressurs her oppe på oljeberget. Stein, berg, steinrøyser og fjell har vi nøgda av. Men matjorda? Tre prosent av landarealet er dyrka mark, skriv Oddny Miljeteig.

Berre ein prosent kan det dyrkast matkorn på. God matjord kan vi ikkje produsera sjølve. Matjord er ikkje eit industriprodukt. Det tek 1000 år å danna eit godt lag matjord.  Ingen EU-land har ein lågare andel matjord enn Noreg. Det er no logisk. Vi treng ikkje måla ein gong; det er berre å sjå seg rundt.

Kvart år har det i gjennomsnitt forsvunne nesten 15.000 mål matjord. Statistisk sentralbyrå reknar med at kornarealet har vorte redusert med heile 20 prosent sidan 1991. Bustader, næringsliv og vegar tek det meste av dette. Stortinget har vedteke at maks 4.000 mål dyrka jord skal kunna brukast til andre føremål årleg innan 2020. Regjeringa er instruert om å oppdatera jordvernstrategien for å nå målet.

Frå 2004 til 2015 vart det i snitt bygd ned 8.100 mål jordbruksareal årleg. I perioden 2004-2015 vart 97 600 dekar jordbruksareal bygde ned i Noreg. Det tilsvarer mest ein prosent av jordbruksarealet i 2004. Rogaland er det fylket som har bygd ned mest matjord: 17.000 dekar eller 1,6 prosent av 2004- arealet.

Minst jordbruksareal vart bygd ned i Oslo. 300 dekar utgjorde likevel den største fylkesvise andelen med 3,4 prosent av tilgjengeleg areal. Innan tettstadene vart heile 12 prosent av tilgjengeleg jordbruksareal bygd ned i perioden 2004 – 2015. For alle typar nedbygging skjedde 23 prosent innan tettstader. 27 prosent skjedde innan ein kilometer utanfor tettstadsgrensa. Slik ser vi at sentralisering kostar matjord.

I dag produserer vi berre nok mat til å dekka halvedelen av vårt eige kaloribehov. Resten må vi kjøpa frå utlandet. «Kvart år importerer vi mat som kunne ha metta hundretusenvis av svoltne menneske i verda. For kvart bruk som vert lagt ned, aukar presset på den internasjonale matmarknaden,»sitat seksjonsleiar Arnold H. Arnoldussen i Norsk Institutt for Skog og Landskap.

På berre ti år har det i Noreg forsvunne jord som kunne ha produsert 300 millionar brød årleg. Sidan 2. verdskrigen har over ein tidel av vårt avgrensa jordbruksareal vorte omdisponert til andre føremål – utan at det har vorte erstatta. For ei verd som skal metta stadig fleire menneske er dette alvorleg.

Berre i Europa forsvinn kvart år matjord som kunne ha brødfødd 200.000 menneske. Tilgangen på mat vert pressa. Maten kan verta dyrare – eller vi må rekna med å mangla somme matvarer i framtida.

Mykje av den beste matjorda ligg nær store byar og tettstader. Særskilt gjeld dette områda rundt Oslofjorden, Stavangerregionen og . Etter kvart som folketalet veks i desse områda, auka presset på å byggja bustader, vegar, skular, aldersinstitusjonar, barnehagar osb. Det skaper ein mosaikk av nedbygging.

Tørkesommaren i år har så mykje som halvert avlingane somme stader i landet. Andreslåtten og tredjeslåtten kan minska tapet her vi no har fått regn slik at graset sprett i veret. Men ikkje for alle. For fyrste gong på årtider ser det så dramatisk ut med avlingstapet at bønder har slege nedlagd grasmark og jamvel teke i bruk att lauving som fôrtilskot.

Å importera fôr er ikkje berreberre. Ein fôrimportør har fått omsetnadsforbod frå Mattilsynet etter funn av dyrerestar og mugg i ulovleg innført dyrefôr frå Baltikum. Restar av kadaver av dyr kan innehalda smittestoff frå dyresjukdommar som vi ikkje vil ha hit til lands, seier seksjonssfjef Anne Marie Jahr i Mattilsynet (Nationen 3. august).

I Noreg har vi reint vatn, rein jord og kompetanse til å produsera mat. Samstundes har vi i tiår etter tiår sløst med vår beste matjord. FN seier at kvart land har rett og plikt til å produsera mat til eiga befolkning. Vi kan ikkje ta lett på sjølvbergingskravet. Klimaendringar og forureining gjer import til ei høgst usikker løysing.

Også i Bergen byggjer vi årleg ned høgst tiltrengd matjord. Det går ikkje lenger om vi skal sikra mattryggleik til våre born og barneborn. Det held ikkje at vi byggjer ned inntil 4000 mål matjord årleg. Vi har faktisk ikkje ein kvadratmeter matjord å byggja ned! «Kvart år har det i gjennomsnitt forsvunnet nesten 15.000 mål matjord.» «Berre i Europa forsvinn kvart år matjord som kunne ha brødfødd 200.000 mennesker.»