open menu

Kronikk om gratis kjernetid i barnehage: Takk for no, Groruddalen?

Regjeringa vil ikkje vidareføra gratis barnehage i Groruddalen, trass i at det er ein integreringssuksess. Kronikk trykt i Klassekampen 11. mai 2016.

Kronikken blei trykt i Klassekampen 11. mai 2016.

 

Regjeringa vil ikkje vidareføra gratis barnehage i Groruddalen, trass i at det er ein integreringsuksess.

Rundt år 2007 fekk alle 4- og 5-åringar i Groruddalen tilbod om gratis halvdagsplass i barnehage, uavhengig av familien si inntekt eller etniske bakgrunn. Dette var finansiert av deler av det statlege bidraget til groruddalssatsinga. Evalueringa av ordninga, frå FAFO, seier at ordninga har bidrege til at rundt 15 prosentpoeng fleire ungar går i barnehage. Auka har stort sett kome blant ungar med minoritetsbakgrunn. Prisen spelar altså ein stor rolle for om ungane går i barnehage eller ikkje. Dei ungane som har gått i barnehage, får betre resultat på skulen, både i norsk og andre fag.

Evalueringa peikar samstundes på at ungar som ikkje kan norsk når dei startar som 4 eller 5-åring ikkje alltid lærer godt nok norsk til at dei kjem over kritisk grense gjennom 1-2 år i barnehage. Rapporten peikar òg på at kvaliteten varierer mellom barnehagane varierer. Dette talar for å utvida ordninga til 3-åringar òg, og å sikra høge kvalitetskrav til barnehagane.

I staden for ei utviding og vidareføring, tydar alt på at ordninga blir avskaffa frå sommaren 2016. I staden har H- og FRP-regjeringa nyleg innført ei nasjonal ordning med gratis kjernetid. Alle familiar med samla hushaldsinntekt under 417 000 før skatt, kan få gratis halvdagsplass viss dei søker på rett måte. Dei familiane som har inntekt mellom 417 000 og 486 000 kr får ein mindre rabatt, slik at ingen skal betala meir enn 6 % av inntekta for barnehageplass. Ordninga gjeld for 3-5-åringar.

Dagens ordning treff alle 4- 5-åringar i Dalen. Eg fryktar at å erstatta dagens universelle ordning med ei behovsprøvd ordning med låg inntektsgrense, vil føra til at færre ungar får gå i barnehage, med dei negative fyljene det har. Med ei behovsprøving prøvar ein å sikta på berre dei som treng det aller mest. Faren er då dels at ein bommar på dei ein siktar på. Det er ikkje akkurat gitt at dei familiane som har så låge inntekter er dei som har best føresetnadar for å søka på rett måte og til rett tid om å komma innanfor den nye ordninga.

Den største faren er likevel at ein siktar feil. Inntektsgrensa er satt så lågt at veldig mange hushald kor barnehageprisen påverkar om ungen går i barnehage vil tena over grensa. 417 000 kroner i samla familieinntekt før skatt kroner er ikkje mykje i dag, ikkje eingong i Groruddalen. Medianinntekta for par med ikkje-vestleg innvandringsbakgrunn i arbeidsfør alder i bydel Alna er i fylje SSB rundt 570 000 etter skatt.

Som kjent er yrkesdeltakinga blant minoritetskvinner lågare enn i majoritetsbefolkninga. For 1. generasjons ikkje-vestlege innvandrarkvinner i bydel Alna er den 56 %. For norskfødte med innvandrarforeldre jobbar 68 % av kvinnene. Blant menn er yrkesdeltakinga klart høgare. I mange hushald vil det altså vera sånn at kvinna er heime, og mannen jobbar, og samla hushaldsinntekt overstig dei låge grensene regjeringa har satt. I andre tilfelle jobbar både mor og far, men andre slektningar tilbyr seg å passa ungane. Erfaringa frå før gratis kjernetid viser at for mange av desse ungane då blir gåande heime heilt til skulestart. I alt for mange tilfelle fører det til at dei kan dårleg norsk når dei startar på skulen. Det er ei ulempe fyrst og fremst for dei sjølve, men òg for klassekameratane deira og læringsmiljøet på skulane våre.

Stat og kommune har sagt at dei vil forlenga Groruddalssatsinga i ti nye år, til 2026, fordi dei framleis ser at det er spesielle utfordringar her i Dalen med tanke på levekår og integrering. Dette talar etter mitt syn for at det er legitimt å ha ei meir generøs ordning for gratis kjernetid i barnehage her enn i andre deler av Noreg. Groruddalssatsinga har gitt oss som bur her flotte parkar og møtestadar, men det aller viktigaste i eit lokalmiljø er korleis dei som veks opp der har det, og kva mulegheiter dei tek med seg vidare i livet. Nettopp difor var gratis kjernetid ei så viktig del av satsinga, og nettopp difor er det så dramatisk at regjeringa vil fjerna ordninga.

Revidert statusbudsjett, som blir lagt fram i desse dagar, er siste sjanse for regjering og storting til å redda ordninga. Eg håpar at støttepartia til regjeringa kan gripa inn og redda ordninga, viss ikkje kvilar det eit stort ansvar på alle dei borgarlege partia. Gratis kjernetid for 4- og 5-åringar har ført til auka deltaking, og til at tusenvis av ungar har fått eit langt betre utgangspunkt for skulestart, utdanning og yrkesliv. Å fjerna ordninga vil vera eit tilbakesteg for integreringa. Eg trur ikkje det vil føra til paralellsamfunn, men det vil ta oss nærmare, ikkje fjernare.

Tanken om behovsprøving av velferdsgode for å treffa akkurat dei som treng det, er vanleg i fleire borgarlege parti. Fram til hausten 2015 hadde Oslo eit byråd som støtta denne type behovsprøving. For parti som Venstre og Høgre, som jamleg flørtar med å behovsprøva andre universelle velferdsordningar, som barnetrygda, er det kanskje ikkje overraskande. Gjennom sin støtte til denne politikken viser imidlertid òg FrP at dei sett borgarleg ideologi framfor praktisk integreringspolitikk.

Er det verkeleg sånn at mens Erna Solbergs regjering stadig snakkar om kor viktig integrering er, så vil dei avskaffa eit av dei mest effektive verkemidla for å sikra ungar som veks opp i dei mest innvandrarrette områda i Noreg plass i barnehagen?

Tore Syvert Haga, medlem av Alna bydelsutvalg (SV).

Faksimile frå avisa.

Faksimile frå avisa.

Del dette