ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Kapittel 3: Rettferd

Bygg- og anleggsarbeid

Foto: Mona Wærnes / SV

SV arbeider for eit samfunn med små skilnader i makt og ressursar. Arbeid til alle, eit rettvist skattesystem og ein god, offentleg velferdsstat er saman med ei sterk fagrørsle og eit utvida demokrati den beste garantien for eit meir rettvist samfunn.

SV vil kjempe imot privatisering, velferdskutt og auka marknadsmakt for å forsvare dei beste sidene ved den norske velferdsmodellen. Ei meir rettvis fordeling av goda handlar først og fremst om å gje einskildmenneske auka fridom, men vi veit at samfunn med små økonomiske skilnader og gode fellesskapsløysingar er dei mest produktive. Fridomen til vanlege folk er avhengig av felles styrke vunne gjennom organisering i til dømes fagforeiningar og andre interesseorganisasjonar.

 

For meir om retten til arbeid sjå 5.2 «Full sysselsetjing». For meir om velferdsstaten sjå kapittel 4 «Velferd»

 

3.1 Den økonomiske politikken

Dei overordna måla for den økonomiske politikken til SV er full sysselsetjing, å styrkje velferdsstaten, å kjempe mot ulikskap og å sikre alle i Noreg tryggleik for arbeid og bustad gjennom ulike former for verdiskaping.

 

Oljeformuen gjev Noreg store høve til å investere i eit betre samfunn. Skatt er likevel eit nødvendig verkemiddel for å finansiere offentleg velferd. SV arbeider for eit rettvist skattesystem som medverkar til å utjamne sosiale skilnader og ta vare på miljøet.

 

For meir om skatt og miljø sjå 2.1 «Målsetjingar og verkemiddel i klimapolitikken»

Å dele goda inneber at dei som har mest og tener mest, må yte meir til fellesskapen enn folk med låg formue og inntekt. Stor grad av sosial likskap er svært positivt for samfunnet og styrkjer tilliten og solidariteten eit godt samfunn byggjer på. I den raudgrøne regjeringsperioden har skattesystemet blitt meir rettvist, ei rekkje skattehol er tetta og inntektsskilnadene har blitt mindre. Likevel er det framleis trong for ei radikal endring av skattesystemet for å sikre meir omfordeling, særleg gjennom høgare skattlegging av dei som tener på arbeidet til andre gjennom høge kapitalinntekter og aksjeutbyte. SV arbeider difor for mindre lønsskilnader og for skatteendringar som reduserer skilnadene. Endringane må ikkje gjere det ulønsamt å gå frå trygd til arbeid. SV vil ha ein aktiv motkonjukturpolitikk der det offentlege aukar den økonomiske innsatsen i nedgangstider for å skape sysselsetjing og berekraftig vekst. I oppgangstider må staten føre ein aktiv politikk for å sikre at det finst kapasitet i økonomien til viktige investeringar i offentleg sektor. Skattepolitikken er ein slik reiskap for å overføre kapasitet.

 

SV vil i den komande stortingsperioden foreslå vidare omleggingar i skattesystemet for å sikre meir rettvis fordeling, oppmode til meir miljøvenleg åtferd og aktivt sikre finansiering av velferdsstaten. SV vil difor i nedgangstider ikkje auke skattenivået, men heller auke bruken av oljepengar over offentlege budsjett. I periodar med velstandsvekst vil SV auke det samla skattenivået for å sikre satsing på prioriterte velferdsoppgåver som utdanning, helse, eldreomsorg og satsing på offentleg infrastruktur.

 

SV vil redusere inntektsskatten for lågtlønte gjennom høgare botnfrådrag og redusert marginalskatt, og finansiere dette ved å auke skattane for dei med høgast formue og dei største arbeids– og kapitalinntektene. Folk som tener under gjennomsnittleg heiltids arbeidsinntekt, skal skjermast mot inntektsskatteauke.

  • SV vil skattleggje verdipapirhandel og vil difor innføre ei avgift på børstransaksjonar.
  • SV vil at reiarlaga skal betale overskotsskatt på lik line med andre næringar, og vil samstundes arbeide for eit internasjonalt reiarlagsskatteregime.
  • SV vil halde fram miljøomlegginga av skattesystemet for å støtte opp under miljøvenleg åtferd og finansiere tiltak for eit betre miljø.
  • SV vil arbeide for eit enkelt og forståeleg skattesystem utan kompliserande element og unntaksreglar som gjev hol i systemet og motiverer til skattetilpassing og unnaluring.

Svart arbeid, kvitvasking av pengar, korrupsjon og skatte– og avgiftsunnaluring er tjuveri frå fellesskapen. SV vil styrkje arbeidet mot økonomisk kriminalitet.

 

3.2 Den økonomiske krisa

Den globale, økonomiske krisa er eit resultat av eit økonomisk system basert på overforbruk av ressursar, manglande demokratisk styring og for sterk tru på marknaden. Krisa er skapt av marknadsliberalistiske reformer drivne fram av høgresida. Politikken til høgresida har gjeve uansvarlege investorar, spekulantar og bankar stort spelerom for havesjukekulturen sin. Dette har destabilisert økonomien og til slutt utløyst krise. På same tid har nedbygging av offentleg sektor og svakare regulering av arbeidsmarknadene i fleire land gjort verda meir sårbar for krisa.

 

Det er difor tid for ein heilt annan kurs i den økonomiske politikken. Eit sterkt offentleg eigarskap og ein omfattande velferdsstat fungerer stabiliserande og gjev auka tryggleik for folks arbeid, bustad og velferd. Difor trengst ei varig styrking av den offentlege delen av vekst og verdiskaping i samfunnet vårt. Dessutan må krisa møtast av ein aktiv motkonjunkturpolitikk, der det offentlege gjennomfører tiltak som kan auke sysselsetjinga som eit ledd i omstillinga til eit miljøvenleg næringsliv.

 

Kampen mot arbeidsløyse er ei hovudoppgåve for SV. Stabilitet er eit viktig mål i den økonomiske politikken til SV. Det krev auka styring og regulering av finanssektoren. Finansielle verkty som oppmuntrar til spekulasjon og fungerer destabiliserande, må ikkje tillatast eller sterkt avgrensast. Rekneskapsreglar må gjennomgåast for å unngå at verdiar blir blesne opp, og kontrollen med revisjon og kredittvurderingsbyrå må styrkjast. SV vil arbeide for at banksektoren fungerer stabiliserande på økonomien. Det må stillast strengare krav til bankane knytt til kredittvekst og kapitallager. Ein sterkare statleg eigarskap i forretningsbankane og opprettinga av eigne statlege bankar kan òg verke stabiliserande. Økonomisk støtte til bankane må ha auka statleg eigarskap som vilkår. Slikt eigarskap må vere varig.

 

SV meiner det må vere sterk politisk kontroll over pengepolitikken for å sikre hovudmåla om høg sysselsetjing, stabil produksjon og om å unngå for høg inflasjon. Pengepolitikken til sentralbankane i verda har gjort sitt til å løyse ut finanskrisa, mellom anna med for låge renter over lang tid, noko som har ført til altfor stort utlån. For å sikre at pengepolitikken fungerer stabiliserande, og for å unngå at pengepolitikken medverkar til nye finanskriser, må både mandatet til pengepolitikken og ansvarstilhøva mellom Noregs Bank og regjeringa vurderast.

 

For meir om internasjonal økonomi sjå 11.4 «Ein regulert verdsøkonomi». For meir om marknad og demokrati sjå 12.7 «Mindre marknad, meir fridom»

 

3.3 Kamp mot fattigdom

I eit rikt land som Noreg, handlar det å vere fattig i stor grad om påført skam, ufridom og utestenging frå samfunnet, noko som råkar born særleg hardt. Fattigdom, sjukdom sosiale problem eller manglande norskkunnskapar gjev somme born dårlegare utgangspunkt enn andre. Desse borna har rett til hjelp frå samfunnet, men mange av dei får ikkje det i dag. Dei må bli sedde og få hjelp så tidleg som råd, og dei må prioriterast høgt. Dette må bli eit tydeleg ansvar for alle som arbeider med born, og barnevernet må få større ressursar og mynde for å kunne følgje opp dette. Kontantstøtta må fjernast for å sikre at foreldre med dårleg råd ikkje taper økonomisk på å ta imot barnehageplass. Gjennom bruk av ressursar på born som har fått ein vanskeleg start på livet, tek vi tak i det grunnleggjande problemet – i staden for å prøve å reparere problema i etterkant. Dette er nødvendig for å løyse fattigdomsproblemet på sikt.

 

Målte til SV er å avskaffe fattigdommen. Ein politikk for låg arbeidsløyse, små økonomiske skilnader og ein sterk velferdsstat er den mest effektive måten å kjempe imot fattigdom på. I tillegg må det førast ein politikk for inntektssikring for dei som ikkje har høve til å få arbeid.

For internasjonal fattigdomskamp sjå kapittel 11 «Fred og solidaritet»

 

Reduserte økonomiske skilnader gjev færre fattige, og skattesystemet må medverke til dette. God kvalitet på offentlege velferdsgode gjer at følgjene av å ha lite pengar blir mindre alvorlege, fordi velferdstenestene dekkjer viktige behov og førebyggjer utestenging. Det er avgjerande å sikre låge eigendelar på desse tenestene. SV meiner at eigendelar er skatt på sjukdom og at det må reknast med når det samla skatte– og avgiftsnivået blir vurdert. SV vil arbeide for lågare eigendelar.

 

SV vil arbeide for betre kvalitet i attføringsarbeidet og lengd på tiltaka som gjer at fleire vil lukkast i både å få og halde på arbeid. SV vil halde nivået på arbeidsmarknadstiltak høgt sjølv når arbeidsløysa er låg, sikre individuelt tilpassa opplegg og gje tryggleik for økonomiske rettar i omstillingsperiodar.

 

Einslege forsørgjarar er ei gruppe som ofte slit tungt økonomisk. Av 2,1 millionar norske husstandar har 40 prosent berre eitt medlem. Ein firedel av familiar med born som bur heime, har berre ein forsørgjar. SV vil halde fram arbeidet med desse utfordringane og ta initiativ til forbetringstiltak for den økonomiske situasjonen til dei som bur åleine og for åleineforsørgjarar, med hjelp av auka bustønad, skattetiltak og/eller differensierte avgifter.

 

Dei som av ulike grunnar i kort eller lang tid ikkje kan forsørgje seg gjennom ordinær arbeidsinntekt, må sikrast offentlege ytingar som er så høge at dei ikkje fører til fattigdom. Den vedtekne opptrappinga av minsteytingane i folketrygda til 2 G (to gonger grunnbeløpet i folketrygda) må gjennomførast, og nivået på minsteytingane må etter dette som eit minimum, følgje den generelle velstandsutviklinga som ei hjelp til større utjamning. Ulike tiltak mot fattige barnefamiliar må prioriterast, og SV vil arbeide for ei ordning med garantert minsteinntekt med utgangspunkt i minsteytingane i folketrygda og den økonomiske sosialhjelpa.

 

SV vil innføre nasjonale minstesatsar for sosialhjelp baserte på reelle utrekningar av levekostnader. Klageretten i sosialtenestelova på området stønad til livsopphald må styrkjast. Det er eit mål at alle blir sikra inntekt, trygdeytingar og/eller stønad til livsopphald ut over den gjeldande relativt fastsette fattigdomsgrensa. Dei nasjonale satsane for sosialhjelp må justerast i takt med lønsutviklinga for å unngå at dei som har minst å rutte med, taper i høve til andre. Kvalifiseringsstønaden i sosialtenestelova og tilbod om kvalifiseringsprogram er eit eigna verkemiddel til avklaring mellom arbeidslivstilknyting og eventuelle folketrygdrettar for den einskilde. SV meiner det må bli lettare å kombinere arbeid og trygd.

 

Nivået på minsteytingane i folketrygda er i dag så lågt at ein del menneske som lever på trygd, må ha sosialhjelp i tillegg. Alle trygdeordningar og barnetillegg må vere nok til å leve eit verdig liv. Barnetrygd og barnebidrag skal ikkje trekkjast frå sosialhjelpsatsane. SV meiner det bør vere ein tydeleg låginntektsprofil på trygdeoppgjera, der minstepensjonen og ytingane til unge blir prioriterte.

 

NAV-reforma er i ein gjennomføringsfase. SV vil sikre at denne viktige velferdsreforma når dei målsetjingane som blei sette ved innføringa. Reforma må sikrast ei sterk statleg oppfølging i høve til organisering og ressursbruk. Etaten må tilførast nok ressursar til å vidareutvikle organisasjonen gjennom kompetansebygging og fagleg utvikling mellom dei tilsette. Målet er raskare sakshandsaming og tettare oppfølging av kvar einskild brukar.

 

SV vil etablere ei ordning med velferdsombod som kan dekkje heile helsetenesta, sosialtenesta og NAV.

 

Høg gjeld er ei viktig årsak til fattigdom. SV vil innføre eit gjeldsregister og forsterke frårådingsplikta til bankane ved utlån av store pengesummar. Kravet til skriftleg avtale i lovverket må utgreiast med tanke på ei mogleg skjerping, slik at ein får ei tenkjepause i samband med opptak av forbruksgjeld. Det må setjast fleire grenser for høvet til aggressiv marknadsføring av forbrukslån og vidaresal av gjeld. Ei ordning der den som skuldar pengar, får forkjøpsrett ved overdraging av fordringar må utgreiast, og inkassogebyra må reduserast. Ulike offentlege tvangsinnkrevjingsordningar opererer med ulike satsar for livsopphald, det vil seie beløpet gjeldsofferet har å leve for etter at kreditor har fått sitt. Det bør vere ein offentleg instans som har ansvaret for ulike tvangsinnkrevjingsordningar, og satsane for livsopphald må bli meir like.

 

Menneske utan arbeid og inntekt er ofte i ein avmaktssituasjon og har få høve til å ta del i samfunnsdebatten og forsvare interessene sine. SV vil vere med på å styrkje organisasjonane til dei fattige, og arbeide for betre system for brukarmedverknad både på individ– og systemnivå.

 

Dei som har størst trong for sosiale ytingar er dei som minst kjenner til rettane sine. Den udekte rettshjelpstrongen knyter seg i stor grad til lovgjeving som skal sikre utjamning i samfunnet. Rettshjelpstilbodet bør vere ein del av velferdssystemet og ein viktig reiskap for å sikre rettar og rettstryggleik for alle.

 

For sosial skilnad og helse, ruspolitikk og førebygging sjå kapittel 4 «Velferd»

 

3.4 Ein pensjon å leve av

Folketrygda er grunnlaget for ein trygg og meiningsfull alderdom og ein berebjelke i den norske velferdsstaten. SV arbeider for eit pensjonssystem som sikrar alle innbyggjarar ein pensjon å leve av, og jamnar ut økonomiske skilnader. SV meiner folketrygda skal drivast og styrast av det offentlege, og vil gå imot alle framlegg til privatisering.

 

SV meiner det norske pensjonssystemet etter pensjonsreforma i for liten grad tek vare på folk med låge inntekter, og i for stor grad stimulerer til privat sparing. SV er framleis mot kutt i framtidige pensjonar, fordi slike kutt vil forsterke desse problema. Det vil i framtida bli nødvendig å gjere endringar i pensjonssystemet som rettar opp fordelingsproblema pensjonsreforma skaper. SV ynskjer eit ytingsbasert pensjonssystem og vil innføre besteårsregelen att. Pensjonsutbetalingane må regulerast i samsvar med den generelle lønsutviklinga. SV vil auke pensjonsoppteninga under omsorgs– og foreldrepermisjon.

 

AFP er høvet slitarar har til ein best mogleg avgang frå yrkeslivet. SV vil gå mot alle framlegg til svekking av AFP-ordninga og forsvare høvet til å gå av ved 62 år. Dei offentlege tenestepensjonane må vidareførast på like høgt nivå som i dag. SV vil arbeide for ei samordning av pensjonskassene for tenestepensjon i privat sektor, og sikre arbeidstakarane større påverknad på kva slags tenestepensjonssparing verksemda vel.

 

SV vil innføre pensjonsopptening for studentar. Pensjonsrettane til innvandrarar med kort butid i Noreg må sikrast.

 

3.5 Ein sosial bustadpolitikk

Retten til bustad er ein menneskerett. SV vil gjere framlegg om å grunnlovsfeste retten til bustad. SV meiner det er på tide å atterreise den sosiale bustadpolitikken. Sentrale verkemiddel må vere ein sterk husbank med politisk styrt rente, lånerammer til å drive motkonjunkturpolitikk og høg grad av fastrente for å stabilisere bustadprisane. Ein stor ikkje-kommersiell låginnskots– og utleigebustadmarknad der bustadbyggjelaga, kommunane og studentsam-skipnadene har ei viktig rolle, saman med ei langt sterkare politisk regulering av utleigemarknaden er andre viktige verkemiddel.

 

SV vil setje i gang ei storstilt sosial bustadbygging med vekt på ikkje-kommersielle utleigebustader og studentbustader. Eit sentralt verkemiddel må vere at bustadtilskota blir auka.

 

SV meiner det må lagast ei lov om ikkje-kommersielle leigebustader. Det må satsast sterkt på å byggje utleigebustader og studentbustader på ikkje-kommersiell basis. I tillegg må det leggjast til rette for bygging av prisregulerte låginnskotsbustader.

 

For å sikre at fleire med låg eller usikker inntekt skal kunne kjøpe bustad må fleire få bustadtilskot, eit tilskot som skal betalast attende ved sal. Fleire må dessutan få startlån. SV vil vidareutvikle startlånordninga med fleksibel avdragstid slik at fleire får høve til startlån. Vi vil endre vilkåra for låneordninga slik at studentar òg får tilgang til henne.

 

For å sikre fleire innpass i bustadmarknaden vil SV skape ein ny sektor for prisregulerte bustader. Kommunar, stat og bustadsamvirka må ta ansvar for bygging av langt fleire bustader med låge innskot og pristak ved vidaresal. Folk kan òg gjerast mindre utsette for marknadssvingingar, viss det blir gjort meir lønsamt å ha fastrentelån som norm ved bustadkjøp.

 

Eit sterkare husleigevern må innførast med husleigetvistutval alle stader der det er trong for det. Bustadprisane må stabiliserast gjennom ei stabil bustadbygging med hjelp frå Husbanken, og gjennom å gjere det meir lønsamt å velje fastrentelån ved bustadkjøp. Tiltaka Husbanken set i verk for å utvikle gode bumiljø og opprusting av eksisterande bustader, må styrkjast. Særleg viktig er opprusting av standarden for ikkje-kommersielle utleigebustader og bustader i område der det er fare for forslumming.

Å ha ein eigen heim er heilt sentralt for å meistre ulike delar av livet. Svært mange bustadslause har rusproblem, psykiske lidingar eller andre samansette problem. Den raudgrøne regjeringa har styrkt bustønadsordninga monaleg. Ho skal framleis utviklast som eit fordelingsverkty for å styrkje økonomien til folk som har låge inntekter og høge buutgifter.

 

I fleire av dei store byane lèt eigedomsspekulantar bustader stå tomme og forfalle gjennom fleire år slik at dei seinare kan rivast. SV vil foreslå at det skal bli lovleg å bu i hus som er regulerte til bustadføremål, men som ikkje har vore i bruk dei siste åra. SV vil utvide den kommunale oreigningsretten til bustader åtte for næringsføremål, slik at denne busetnaden kan nyttast til samfunnsnyttige føremål. SV meiner kommunane må få høve til å påleggje eigaren vedlikehald.

 

Kommunen har ansvar for gjennomføringa av bustadpolitikken. SV meiner at kommunen må sikrast gunstige lån til strategiske tomtekjøp og tilskot til å kunne ta del som ein aktiv part i områdeutvikling, byfornying, universell utforming og miljøprosjekt.

 

SV meiner at framtidig bustadfeste må forbydast, og at bustader på festa grunn skal kunne innløysast til ein rettvis pris. Vi vil ikkje avvikle tomtefesteinstituttet for fritidsbustader, under føresetnad av at avgiftsnivået blir halde på eit akseptabelt nivå.


Sist endret: 20.05.2009 kl. 12:32